God app - men
I teorien ein god app, som fungerer til det han skal. Men det er to ting som er svært irriterande. Det fyrste er at funksjonen “betal for det du faktisk reiser” tappar mobilen enormt for straum, noko som er svært irriterande. Det andre er at designen på reiseforslag verkar rotete. Her verkar det som mottoet er “kvifor gjer det lett når ein kan gjera det vanskeleg”. Forslag til bussar hopper opp over alt og gjer funksjonen svært lite brukbar på farten, og fungerer ok- når ein har god tid. Her kunne ein ha lært av Ruter i Oslo. Idiotsikkert og lett med liste kontra at ein må velja busser “sideslengs”.